Bente Bratlund er eit velkjend forfattarnamn for lokale lesarar. Osingen kan feira dobbeltjubileum i år – det er 35 år sidan ho gav ut si første diktsamling, og 30 sidan første ungdomsboka hennar kom ut. Sidan har bøkene kome trillande som perler på ei snor, ungdomsbøker, romanar, diktsamlingar, barnebøker, og hefte med det ho kallar bruksdikt. I år kjem bok nummer 57.
– Eg har alltid venta på sperra, men ho kom aldri. Tekstane står i kø! Med lengre tekstar jobbar eg med ein om gongen, men skriv gjerne dikt innimellom, og noterer idear til nye tekstar, seier Bratlund.
Frå 1992 har Bente Bratlund vore forfattar på heiltid. Før det var ho lærar ved Nore Neset skule i 14 år, og journalist i lokalavisa «Midhordland». Ho har òg teke rettleiarutdanning og har arbeidd som rettleiar på Haukeland universitetssjukehus og ved Høgskolen i Bergen.
Bratlund debuterte i 1977 med diktsamlinga Lukkeleg båt. I 1982 kom den første ungdomsboka hennar, Kvifor, Pål?. Første roman for vaksne var Når det blør (1989). Då ho blei bestemor blei Bratlund inspirert til å skriva for dei aller minste, det resulterte i biletboka Mons Marius er ei løve (2010), illustrert av Stina Langlo Ørdal. I år har ho gitt ut diktsamlinga Plukka gleder og to-i-eitt-boka Berre venner/Listig plan, tredje bok i serien om besteveninnene Hanna og Emma. Saman møter dei alt som dukkar opp av utfordringar, dramatikk og komikk i jentekvardagen. Bente Bratlund har skrive mykje for born og ungdom om viktige kvardagsopplevingar, vennskap og forelsking, sjalusi, samlivsbrot . Gjerne med humor.
Mange av barne- og ungdomsbøkene hennar er lettlesbøker. I år har ho kome ut med ein lettlest roman for vaksne Du lærte meg kjærlighet, og i november kjem ei ny lettlest ungdomsbok, Bebe2 - Ingen ting som før. 2012 har altså vore eit særs produktivt år, sjølv i Bratlund-målestokk.
Dei siste fem åra har Bente Bratlund budd på Reinsvoll i Vestre Toten. Derfrå pendlar ho til skrivestova si i Sverige. Det har ho tenkt å halda fram med.
– Eg jobbar godt her, seier Bratlund på telefon frå Sverige. Dei siste åra har ho gitt ut fleire bøker på svensk som enno ikkje er komne på norsk. Slik er det for ein forfattar som er så produktiv at det neste prosjektet berre ventar på at ho skal bli ferdig med det siste.
I tillegg til eiga skriving, opplesingar og skulebesøk held Bente Bratlund kurs for skrivelystne. Under WT litteraturfestival blir det skrivekurs for vaksne. Lyrikkvelden i Griegsamlinga deler ho med Hans Sande og Frode Grytten.
– Vi er tre forfattarar med heilt ulike uttrykk, så dette trur eg blir spanande! Ei poesihappening, seier Bente Bratlund. Sjølv tek ho med seg litt gamalt og litt nytt til opplesinga.
Fredag 9. november kl. 18.30 les Bente Bratlund eigne dikt i Griegsamlinga i Oseana.
Laurdag 10. november kl. 12.00 held ho skrivekurs for vaksne. Kurset på Bjørnefjorden Gjestetun har plass til ti deltakarar. Påmelding her.
Nyeste bok: Berre venner / Listig plan (2012)
Forlag: Mangschou
Bente Bratlund