top of page

15. oktober i år blei Varg Veum sin 70-årsdag feira i baren Femte i Andre på Strandkaien 2, der Veum har kontor. På fortauet ved inngangen til bygget står ein bronseskulptur av krimhelten, laga av osingen Vidar Bratlund-Mæland.
Under feiringa blei Varg Veum tildelt Riverton-klubbens ærespris in absentia.
Det er første – og i følgje leiar i Rivertonklubben Hans H. Skei siste – gong utmerkinga går til ein fiktiv person. I Veums fråvær tok Gunnar Staalesen imot prisen, ein gyllen revolver, som skal stillast ut i ein monter i Varg Veums hjørne i baren.



Det er ikkje første gong den enormt populære, tidvis noko forsofne privatdetektiven blir grundig feira. Til 60-årsdagen i 2002 blei han hylla med cd-en Vargtime. Gunnar Staalesen las tekstar om Varg Veum, og Jan Kåre Hystad kvartett spelte Veum sine jazz-favorittar.
– Eg veit om lag kva musikk Varg Veum likar. Smaken hans er ikkje så langt frå min, seier Gunnar Staalesen. Begge har ein uttalt hang til saksofonbasert, melodiøs jazz frå 1930-, 40- og 50-talet.



Publikum blei begeistra og utøvarane hadde det kjekt, altså måtte det bli meir. Sidan er det kome to cd-ar til, og framsyninga Vargtime har vitja både jazz- og litteraturfestivalar. Stil og tema er det same, men tekstar og musikk varierer. Denne gongen er det ein ny variant.

– Vargtime er ein lett og humoristisk vandretur gjennom Varg Veum sitt liv og historie, glimrande akkompagnert av Vestlandets, og dermed Noregs beste jazzmusikarar, seier Staalesen, og slår fast at saksofonen er sjølve krimstemninga.



Varg Veum er så til dei grader del av eit geografisk og historisk lokalmiljø at grensene mellom fiksjon og røyndom mest glir over i kvarandre. I tillegg har forfattaren og den litterære figuren fleire ting felles enn musikksmaken.

– Hender det at folk blandar saman forfattaren og karakteren?
– Det er mange klare skilnader mellom meg og Varg Veum, og stort sett har lesarane klart for seg kven som er kven. Men det har hendt at det har blitt litt forvirring. BA skreiv ein gong at eg hadde gått på sosialhøgskulen. Men det har eg ikkje. Det er det Veum som har, seier Staalesen.

I sommar kom den 19. romanen om Varg Veum, Der hvor roser aldri dør. Kritikarane var unisont begeistra, og salet har gått strykande. Handlinga i boka føregår i 2002, då ei forsvinningssak nærmar seg foreldelsesfristen. Treåringen Mette forsvann sporlaust frå sandkassa på Nordås i 1977, og saka blei aldri løyst. Mora har ikkje kunna gå vidare i livet utan å veta, og no engasjerer ho Veum til å gjera eit siste forsøk på å finna ut kva som skjedde med dottera.
– Bør lesarane førebu seg på at dette kanskje blir Veum si siste sak?
– Eg har ideane klare til tre bøker til, og gir vanlegvis ut ei bok om lag anna kvart år, så Varg Veum er med i alle fall seks år framover, forsikrar Staalesen.

Fredag 9. november kl. 21.00 kjem Gunnar Staalesen til Oseana med Vargtime, saman med Jan Kåre Hystad (saksofon), Norvald Dahl (piano), Frank Jakobsen (trommer) og Sigurd Ulveseth (bass).
Dei deler kvelden med Frode Grytten Beat Band.

Laurdag 10. november kl. 16.00 er Staalesen tilbake i Oseana, som bademeister for tidenes første krimbokbad i Griegsamlinga. Badegjester er krimforfattarane Ingrid Berglund og Jørn Lier Horst.



Nyeste bok: Der hvor roser aldri dør 2012

Forlag:
Gyldendal

Gunnar Staalesen

bottom of page