top of page

Jørn Lier Horst sin første roman om William Wisting kom i 2004. Sidan har eit stadig større publikum venta utålmodig på at den sindige politimannen skal få nye saker å løysa. Bok nummer åtte, Jakthundene, kom i haust, fekk strålande kritikkar, og er alt trykt i 55 000 eksemplar.
– Kva er det med karakteren William Wisting som gjer at krimlesarane har teke så enormt godt imot han?
– Han er på ein måte ein fyr som er med å gjenreisa tilliten til politiet. Dersom du treng hjelp frå politiet er han ein sånn du gjerne vil møta, grundig, lyttande og profesjonell. Dessutan handlar det jo ikkje berre om korleis han løyser sakene, men kva sakene gjer med han som person, seier Jørn Lier Horst, som sjølv har jobba i politiet sidan 1995. For augneblinken har han permisjon frå etterforskarjobben, og har dermed nådd å skriva to krimbøker for born i tillegg til bøkene om Wisting. Dei to for born er starten på ein serie på 12, om ein gjeng vener som løyser mysterier i det same kystlandskapet der William Wisting held til.

I krimlitteraturen kryr det av både politifolk og privatetterforskarar med flokete privatliv, rusproblem, trøblete temperament og konstante konfliktar på jobb.
William Wisting står ikkje i fare for å hamna på den lista. Lier Horst sin hovudperson er stabil i humøret, nedpå og tenksom. I nokre av bøkene opplever han tøff motgang og personlege kriser, men det tek ikkje over historia på bekostning av sakene som skal løysast. Er han på jobb, så er han på jobb.
– Ein såpass lytefri hovudperson stiller desto større krav til plotet, fordi historia manglar den hjelpemotoren som hovudpersonen sitt uryddige privatliv kan vera, seier Lier Horst.



Det hender at William Wisting følgjer spor som tek han ut av Vestfold, til og med ut av landet, men stort sett går både brotsverka og etterforskinga føre seg i Wisting og Lier Horst sitt felles nærområde, lysår frå klassisk storbykrim med i skumle bakgater der skurkane nærast står i kø og det er opplagt at alle har noko å skjula. Her er det mild skjergard og reinhekla kystidyll, småbyliv og kvardag. Lier Horst sitt univers er befolka med vanlege folk som putlar med sitt, heilt til det smell og det igjen er drap og begredelighet.

– Kunne du ha plassert William Wisting – eller ein annan hovudperson – i heilt andre geografiske og sosiale rammer?
– Utgangspunktet mitt er Stavern, som Wildenvey kalte «Norges lille smilehull». Men det finst mange slike idylliske stader i Noreg som kunne fungert på same måten. Det er dei mørke sidene, kontrasten til den ytre idyllen, som skaper spaninga.
Forfattaren har oppdaga at det er nettopp denne kontrasten som fascinerer utanlandske lesarar.
– Noreg er eit velfungerande velferdssamfunn der alt skal fungera best mogeleg for flest mogeleg, men så finst likevel eit mørkre under overflata.


Laurdag 10. november kan du møta Jørn Lier Horst og krimforfattarkollega Ingrid Berglund i krimbokbad i Griegsamlinga i Oseana. Bademeister er Gunnar Staalesen.



Nyeste bok:
Jakthundene (2012)

Forlag:
Gyldendal

Jørn Lier Horst

bottom of page