top of page

Kristian A. Bjørkelo er folklorist med eit særs breitt interessefelt, inkludert underlege og eksentriske kulturelle fenomen som til dømes kannibalisme. Under festivalen kjem han til Oseana for å drøfta fantasy i nordisk litteratur, med klarttalande fantasyforfattar Kristine Tofte som sparringpartnar, og elevar i vidaregåande skule i salen. Dette blir ingen standard norsktime. Bjørkelo vågar å garantera ei fantasy-økt med både lærings- og underhaldningsverdi.

Bjørkelo kjem òg til Paktaren fredag kveld for å samtala med Kristine Tofte og Tore Kvæven om viking- og fantasylitteratur. Her er det berre plass til 40 tilhøyrarar, altså blir det ei eksklusiv samling.

Har du ein favorittsjanger?
– Eg likar sekkeomgrepet spekulativ litteratur, som inkluderer science fiction, weird litteratur, skrekklitteratur – alt med det underlege i fokus. Ein av dei litterære heltane mine er H.B. Lovecraft (1890—1937), skrekkens store gudfar, seier Bjørkelo.
H. P. Lovecraft  har prega populærkulturen meir enn dei fleste av oss tenkjer over sånn til kvardags, først og fremst gjennom alle forfattarane og filmskaparane han har påverka.

Kristian A. Bjørkelo debuterte nyleg skjønnlitterært med ei novelle i samlinga Ekstremisme. Han held òg på med ei faglitterær bok for ungdom.

Bjørkelo er elles vert for Absalong i Bergen. Han skildrar Absolong som eit uformelt forum for debatt og opplysing rundt det ein ellers berre høyrer litt om. Absalong legg vekt på god stemning og ein underhaldande, men akademisk, tilnærming til historiske og samtidige tema som gjerne vert oversett i tradisjonelle akademiske samanhengar.

Torsdag 8. november kl. 13.00 i Oseana: Kristian A. Bjørkelo og Kristine Tofte snakkar om fantasy i nordisk litteratur. 
Fredag 9. november kl. 19.00 i Paktaren: Tore Kvæven, Kristine Tofte og Kristian A. Bjørkelo diskuterer viking- og fantasylitteratur.

Kristian A. Bjørkelo

bottom of page