top of page

Frode Grytten debuterte i 1983 med diktsamlinga Start. Sidan har han mellom anna gitt ut noveller, romanar, essayistikk og barnebøker, fått Brageprisen, Rivertonprisen og vore nominert til Nordisk Råds litteraturpris.
Under den nasjonale minnemarkeringa eitt år etter 22. juli-terroren nådde lyrikaren Grytten heile nasjonen då han las sitt eige «Eit dikt for dei unge».
– Har du skrive lyrikk heile tida?
– Nei, ikkje mykje. Eg reknar meg ikkje som lyrikar, men skulle i grunnen gjerne skrive fleire dikt. Eg er vel eigentleg poet forkledd som prosaforfattar. Ein dag vender eg heim, seier Frode Grytten.

– Novelleforma ligg nærare poesien enn romanen, seier Grytten.
Og nokre noveller liknar meir på dikt enn andre.  Det siste året har trufaste følgjarar, etter kvart er dei nærare 22 000, fått ein ny Grytten-tweet servert kvar einaste dag. Med eit tak på 140 teikn kan mange av tekstane minna om dikt forkledd som mikro-noveller. Her er alt frå burleske bilete som er vanskelege å få ut av hovudet via poengterte mediekommentarar til kompakte små soger om avgrunnsdjup kvardagseinsemd.

Grytten-tekstar kan vera såre, underfundige, nådelause, hylande vittige og elegant infame, men uansett sjanger er språket alltid umiskjenneleg gryttensk. Det er opplesingane hans òg, noko Os-publikum har kunna gleda seg over ved fleire høve. Då Frode Grytten hausten 1999 vitja den årvisse bokkvelden i Solbakkestova for å lesa frå Bikubesong, kunne verken han eller publikum ana at historiene hans frå Murbygningen skulle setja Odda så til dei grader på det litterære noregskartet. I 2007 var han tilbake i Solbakken med novellesamlinga Rom ved havet, rom i byen, og i 2010 las han frå essaysamlinga 50/50.

Denne gongen kjem han til Griegsamlinga for å lesa eigne dikt, og kanskje eit utval av twitter-novellene.

Seinare same kveld inntek Frode Grytten Beat Band Oseana.
– Korleis oppsto dette konseptet?
– For ein fem års tid sidan blei eg beden om å halda eit foredrag om beat-poesi på forfattarsleppet i Bergen. For beat-generasjonen var det ein klar samanheng mellom poesi og musikk. Dei hadde eit nært forhold til jazzen. Dermed fall det naturleg å gjera det i stadenfor å snakka om det, seier Grytten.
Saman med forfattar og musikar Pedro Carmona-Alvarez og eit kremlag av bergensbaserte musikarar danna han Frode Grytten Beat Band. I starten var framsyningane basert på tekstar av beatpoetane og musikk dei hadde eit forhold til. Etter kvart har det utvikla seg til det Grytten omtalar som ei merkeleg blanding av pop, rock og eigne tekstar.


Fredag 9. november 2012 kl. 18. 30 les Frode Grytten eigne dikt i Griegsamlinga, saman med Bente Bratlund og Hans Sande.
Same kveld kl. 21.00 er det framsyning med Frode Grytten Beat Band i Oseana. Frode Grytten Beat Band består av Frode Grytten og Pedro Carmona-Alvarez (stemme), Michael Barnes (treblås), Ole Amund Gjersvik (bass), Einar Sogstad (piano) og Tor Bjarne Bjelland (trommer).
Frode Grytten Beat Band delar scene med Gunnar Staalesens Vargtime.

Frode Grytten

WT Litteraturfestival 2012
foto: Jarle Vines

tekst: Mari Lyssand frå Os Mållag

Annonse:

bottom of page