
Hans Sande er psykiater, biletkunstnar og forfattar med over femti boktitlar bak seg. For diktsamlinga Strime (1969) fekk han Tarjei Vesaas' debutantpris. Han har skrive romanar, lyrikk og barnebøker, og motteke ei rekkje litterære prisar. Fleire av bøkene hans har vekt debatt, somme meir enn andre.
Biletboka Pappa er sjørøvar, (2011) er illustrert av Silje Granhaug, og handlar om Tuva på sju år som får vera med pappa på sjørøvartokt. Dei røvar ein sjø i Finland, køyrer sørover gjennom mange land, og smuglar vatnet inn i ein flyktningleir i Palestina. Der blir Tuva ven med Lamia, og oppdagar at det er mange ting ho meiner er urettvise.
Barnebøker med ein utvetydig politisk bodskap er ikkje kvardagskost, og reaksjonane lét ikkje venta på seg. Boka har fått særs mykje merksemd, mykje god omtale for både tekst og illustrasjon, men ho har òg vekt sinne.
– Eg visste at eg stakk handa i eit kvefsebol ved å skriva om denne konflikten, seier Sande. Han var førebudd på både diskusjon og krangel, men blei likevel overraska då den israelske ambassadøren til Noreg klaga til utanriksdepartementet. At utanlandske diplomatar krevjer at norske politikarar skal ta affære mot barnebøker er sjeldan kost.
Det hender Sande møter folk som skjeller han ut for å ha skrive boka, men han meiner likevel å sjå ei haldningsendring.
– Det er kjekt for meg å oppleva at det har skjedd noko med norske lesarar sitt syn på Israel. Tidlegare var det prega av Arbeidarpartiet sine tette band til den israelske arbeidarrørsla, og kristenfolket sin lojalitet til Israel. No verkar det som mange har gjennomskua den israelske taktikken med å definera og avfeia all sakleg kritikk som utrykk for antisemittisme, seier Sande.
Kva reaksjonar får du frå born når du les høgt frå Pappa er sjørøvar?
– Dei tykkjer det er ei god og spanande bok, og identifiserer seg med hovdupersonen Tuva.
Den andre boka Sande skal lesa frå på Os er ein heilt annan sjanger, eller kanskje snarare ein heilt eigen sjanger. I dag såg eg to spadar er ei skjønnlitterær kunstbok, med dikt og fotografi av skulpturar i tre og jarn.
Her har Sande brukt alle talenta sine til å skapa ei kunstbok utanom det vanlege. Det er blitt ei forunderleg verd av skulpturar og dikt, jarn og tre, draum og slit.
Inspirert av Olav H. Hauge sine tingdikt om ljåen og saga, har Sande gitt nytt liv til gamle og rustne slitarar av alle slag. Ole Fretheim har fotografert denne samlinga av underlege skapningar. Til kvar skulptur er det eit dikt eller ein prosatekst som fortel om det livet reiskapane har levd, eller om den draumen dei ber på.
Då eg vakna
var verda omsnudd
Spadar og grev sprang omkring
som spretne gudar
og eg låg med mold i munnen
Hans Sande kan du oppleva fredag 9. november 2012 kl. 12.00 på Os folkebibliotek, der han les frå Pappa er sjørøvar. Dei eldste gruppene i barnehagane i Os er inviterte. Lesestunda er òg open for andre interesserte.
Fredag 9. november 2012 kl. 18.30 møter han Bente Bratlund og Frode Grytten til lyrikkveld i Griegsamlinga. Hans Sande les frå I dag såg eg to spadar. Kanskje har han med seg nokre av dei minste skulpturane som er avbilda i boka. Den særs allsidige forfattaren ser dessutan ikkje heilt vekk frå at han kan koma til å framføra eit stev.
Nyeste bok: Lars på Mars (Nynorsk) (2012)
Forlag: Cappelen Damm
Hans Sande
WT Litteraturfestival 2012
foto: Chr. Hansen
tekst: Mari Lyssand frå Os Mållag
Annonse: