top of page

Ingrid Berglund er utdanna innan finans, har arbeidd i fleire verdsdelar, og var finansanalytikar i Norsk Hydro då ho tidleg på 2000-talet bestemte seg for å skriva krim. I 2006 kom debutromanen Det svakeste ledd, om psykologen Iselin Norman. Far hennar blir drepen på open gate, og då ho vil finna ut kvifor blir ho vikla inn i eit drama med trådar tilbake til både andre verdskrigen og dagsaktuelt politisk sprengstoff. Boka blei svært godt motteken, og sidan har Ingrid Berglund vore forfattar på fulltid. Ho har nådd å gi ut tre krimromanar til, samt ei dokumentarbok.

Ei rekkje krimforfattarar, både i Noreg og internasjonalt, held historiene sine konsekvent innanfor dei same rammene frå bok til bok, både geografisk og i tid. Fleire avgrensar seg i tillegg til å skriva frå sitt eige fagfelt. Ingrid Berglund går breiare til verks, og har mellom annan brukt tungtvassaksjonen på Rjukan og Lillehammer-saka frå 1973 som historiske bakteppe i romanane sine.

Korleis legg du opp research-arbeidet når du skal skriva om så kjente og dramatiske kapittel frå norsk krigs- og etterkrigshistorie?
Først startar eg med å lesa mykje om emnet, for i utgangspunktet veit eg ikkje akkurat kva eg skal ha med, og korleis dette kan bakast inn i eit plott frå notida. I løpet av lesinga dukkar det opp fakta eg stussar ved eller noko som engasjerer meg sterkt, og då byrjar idear å dukka opp i hovudet. Når det gjeld tungtvassaksjonen på Rjukan, var eg også mykje fysisk på staden for å få ei kjensle av dramatikken som utspant seg den gongen.

Hovudpersonen i dei tre første romanane er psykolog, og på ulikt vis personleg involvert i brotsverka ho vil til botn i. I årets bok lèt Berglund ein journalist grava i ei gamal drapssak, og dermed byrjar snøballen å rulla.
Kva ser du som fordelar – og utfordringar – med å ha hovudpersonar som er «amatørar» i staden for til dømes politifolk eller privatetterforskarar?
Fordelen med amatørar er at ein kan gå inn i brotsverka frå ein meir personleg vinkel. Hovudpersonen blir lettare del av sjølve plottet, ikkje berre ser og løyser saken utanfrå og inn, som så ofte er med politiromanar og privatetterforskarar. Amatøretterforskarar er også meir sårbare. Dei har ikkje eit støtteapparat i ryggen, dermed kan dei oftare bli utsett for fare, noko som jo er spanande. Utfordringa er at det kan vera vanskelegare å få til ei truverdig historie. Det er òg avgrensingar på verkemidla amatøren kan ta i bruk, og kor mange mord kan en psykolog eigentleg snubla over?

I tillegg til fire krimromanar har Ingrid Berglund gitt ut dokumentarboka Ingen sak for en kvinne. I fotsporene til privatetterforsker Mary Reklev.
Har du planar om fleire sakprosabøker, og kva tema kunne du i så fall ha lyst til å gi deg i kast med?
Nei, eg har ingen planar om fleire sakprosabøker. Det var spanande og lærerikt, men eg trur eg skal halda meg til å fletta inn interessante fakta frå virkeligheten i fiksjon. Eg står mykje friare då, og for meg er fridomen mykje av drivkrafta til å skriva, slår Ingrid Berglund fast.

Norske krimlesarar har vist seg å setja stor pris på det elegante flettverket av fakta og fiksjon. «Denne hadde jeg problemer med å legge fra meg!» har Gunnar Staalesen uttalt om årets roman frå Ingrid Berglund, Tiden leger ingen sår.

Svar på kva som fenglsa krimnestor Staalesen kjem vonleg laurdag 10. november 2012 kl. 16.00. Då er Ingrid Berglund og Jørn Lier Horst gjester i krimbokbadet i Griegsamlinga. Bademeister er Gunnar Staalesen.


Nyeste bok: Tiden leger ingen sår (2012)

Forlag: Kagge​

Ingrid Berglund

WT Litteraturfestival 2012
foto: I og M Berglund Rasmussen

tekst: Mari Lyssand frå Os Mållag

Annonse:

bottom of page