
Bergen Offentlige Bibiotek, Fana filial, er den nest største filialen i Bergen.
I daglegtale, blir ofte biblioteket omtala som biblioteket, Fana eller biblioteket på Nesttun.
Å yte gode bibliotektenester er tungt forankra i bibliotekfilialen på Nesttun. Fana filial har ein sentral plassering i ”Tokanten” på Nesttun , der dei har halde til i over 20 år.
Umeldt dukkar Litteraturfestivalens utsende journalist opp, og håper å stele litt tid frå nokre av dei tilsette ved biblioteket. Eg møter sjefen sjølv.
Anna Margreta Lunde er avdelingsleiar og det er lett å tyde at ho er stolt over tilbodet biblioteket leverer. ”Vi har dyktige tilsette med god kunnskap på mange områder”
Då eg kjem har dei akkurat sagt farvel til ein god gjeng med andreklassingar som har vore på klassebesøk og fått lesetips frå barnebibliotekaren.
Biblioteket på Nesttun har det høgste utlånet av barne-og ungdomsbøker i Bergen.
I 2012 vart det lånt ut i underkant av 200 000 bøker frå filialen. Trass i den store aktiviteteten var det ikkje noko problem å setje seg ned med journalisten for å slå av ein god prat.
Tidlegare har biblioteket hatt litteraturkveldar knytt opp til prosjektet ”Bergen Leser”.
Det har vore besøk av fleire forfattarar, mellom anna Frode Grytten.
For eit og eit halvt år sidan starta dei med ”Filosofisk torsdag” på biblioteket. Annankvar torsdag kjem folk saman for å diskutere filosofiske tema. Opptil 20 personar har møtt fram for å delta i diskusjon og meiningsytring.
Krimkveld har vi ikkje hatt. ”Vi gler oss”, seier Lunde, og gir meg ei omvising i biblioteket.
Tid 20.februar, klokka 19.00 - 21:00
Stad: Fana filial, Nesttun
Kva: Frode Sirevåg frå WT Litteraurfestival presenterer forfattarane Monika Nordland Yndestad (jentene frå balletten og Fredrik Schmidt Fotland (Agenten). Det blir itervju, samtale og opplesing.
Arrangør: WT Litteraturfestival i samarbeid med Comino forlag og biblioteket på Nesttun.
Krim på Nesttun bibliotek
14. Februar 2013 Frode Sirevåg

foto: Frode Sirevåg / WT Litteraturfestival

foto: Frode Sirevåg / WT Litteraturfestival

foto: Frode Sirevåg / WT Litteraturfestival

foto: Frode Sirevåg / WT Litteraturfestival
Annonse: