
Det blir gitt ut lite norsk fantasy for vaksne, men då Kristine Tofte debuterte i 2009 med Song for Eirabu. Bok 1 - Slaget på Vigrid synte det seg at mange lesarar var svoltne på storslåtte, lange soger. Dei lét seg riva med og begeistra, og kritikarane henta fram superlativa.
Med utspring i norrøne mytar har Tofte fylt sitt fiktive univers Eirabu med kvinnelege hovudpersonar, offerprestinner, gudar og andre mytiske skapnader. Menneska si vilje og eigne val blir sett opp mot gamle spådomar og gudane sine krefter.
Kva er det med fantasy? Kvifor denne blandinga av at det fengjer så voldsomt når det først fengjer, samstundes som det lèt til å finnast så mange fordommar mot sjangeren?
– Det som fengjer er gode forteljingar. I fantasybøker er det stort sett alltid ei god, underhaldande forteljing. Umberto Eco sa det: Ein god roman skal først og fremst underhalda. Fantasy tilbyr noko samtidslitteraturen ikkje gjer. Eg merkar at eg treng meir overskot for å lesa samtidsromanar. Fantasy har ei historie som dreg deg gjennom, seier Tofte.
Ho meiner fordommane mot fantasylitteratur i Noreg kjem av at det er for lite god fantasy tilgjengeleg på norsk. Ei årsak til det er at interessa for fantasy er usynleg for forlaga. Norske lesarar kjøper engelske bøker på Internett, og det er ein marknad ingen har oversyn over.
– Norske forlag omset helst det som er retta mot ungdom. Dei store, internasjonale bestseljarane blir ikkje omsette til norsk. I engelskspråkleg fantasy finst verkeleg gode idear, politisk og samtidsengasjert litteratur. Forfattarar som China Miéville skriv om kompliserte, fundamentale samfunnsspørsmål. Han utfordrar forståinga vår av samfunnet vi lever i, ikkje berre på mikroplanet. Men han blir altså ikkje nevnt i Noreg.
Det er òg ei utfordring at forlaga ikkje vågar marknadsføra bøker som fantasy, sjølv om det heilt openbert er det, seier Tofte, og nemner japanske Haruki Murakami som eit døme.
Men på dei seks åra ho har brukt på å skriva om Eirabu har Tofte merka at synet på sjangeren er i endring. Fantasy er oftare enn før tema på festivalar og i litterære debattar.
– Harry Potter-generasjonen er blitt vaksne. Dei søkjer vidare, på jakt etter den gode historia. Publikummet, lesarane, er der. Og no kjem forfattarane etter. Sakte.
Kristine Tofte meiner det å skriva ein fantasyroman kan samanliknast med å måla naturalistisk. Ein må kunna handverket, ha kontroll på litterær struktur og verkemiddel. Å måla abstrakt er meir å likna med samtidslitteratur, meiner ho.
– Det å skriva ein fantasyroman er så mykje arbeid, og likevel uglesett. Eg skjønar godt at folk ikkje orkar. Tradisjonelt er det velståande akademikarar som har skrive fantasy. Det er dei som har hatt tid og råd til det.
– Eg reiste vekk opptil halvannan månad for å berre skriva. Hjernen min har ikkje plass til både skrivinga og å ha oversyn over kva som finst i kjøleskåpet, og ungane sine fotballtreningar.
I vår kom band 2, Song for Eirabu - Vargtid, og dermed er soga om Eirabu avslutta.
Kristine Tofte er utdanna psykolog, og at den skjønnlitterære debuten blei fantasy ser ho på som ein måte å opponera mot eige akademikar-image. Etter seks års arbeid og to godt mottekne fantasyromanar på nynorsk trur folk dei veit kvar dei har ho. Då er det på tide å gjera ei overraskande vending.
– Neste bok blir eit kommersielt bokmålsprosjekt, lovar Kristine Tofte.
Torsdag 8. november 2012 kl. 13.00 i Oseana snakkar Kristine Tofte og Kristian. A. Bjørkelo om Fantasy i nordisk literatur.
Programmet passar for elevar i vidaregåande skule, og for alle andre som er interesserte i (fantasy)litteratur.
Fredag 9. november 2012 kl 19.00 i Paktaren samtalar Tore Kvæven, Kristine Tofte og Kristian A. Bjørkelo om viking- og fantasylitteratur.
Nyeste bok: Song for Eirabu. Bok 2. Vargtid (2012)
Forlag: Tiden
Kristine Tofte
WT Litteraturfestival 2012
foto: Paal Audestad
tekst: Mari Lyssand frå Os Mållag
Annonse: