Marit Reiersgård har tidlegare skrive for born og ungdom, og debuterte som krimforfattar i 2012. Under festivalen skal ho ha opplesing for born på biblioteket, og fredag kjem ho til «Krim ved fjorden» i Oseana for å snakka om sin første kriminalroman.