
Kvart menneske har sin unike historie. Når vi er borte, blir ofte også historien borte med oss. Då eg var ung, tenkte eg ikkje så mykje over det, men i dag undrast eg over kva som var mi bestemor sin historie, Kva opplevingar, minne og erfaringar bar ho på? Kva var viktig for henne? Gjennom historien hennar kunne eg få ha blitt meir kjend med henne. Slik våre etterkomarar kan bli meir kjend med oss gjennom det vi overleverer dei.
Alle er vi ikkje forfattarar, men dei fleste av oss kan skriva ned historien vår om vi tar oss tid og lagar rom for det.
Skriveverkstaden "Skriv ditt liv" er ei hjelpe til å koma i gong, og til å få tips om korleis arbeida vidare med prosjektet, Det er ein skriveverkstad for dei som har levd ei stund.
"Skriv ditt liv"

Annonse: