top of page

Er du mellom 13 og 18 år og glad å skriva? Då er skrivekurs i Oseana tingen for deg.
– Kurset passar for folk likar å skriva, og som tør å lesa opp tekstane sine, seier forfattar Tor Arve Røssland. Han skriv bøker for born og ungdom, bur på Halhjem, reiser ofte på skuleturnear for å lesa frå bøkene sine, og synest det er gøy å halda skrivekurs for ungdom.

Røssland kjem til å dela konkrete skrivetips som har vore nyttige for hans eiga skriving, og kursdeltakarane får ei konkret skriveutfordring som skal løysast i løpet av kurset.
– Det blir intensiv jobbing for å få mest mogeleg ut av dei tre timane, seier Tor Arve Røssland.

Mange ungdomskuleelevar kjenner til bøkene hans gjennom tekstsamlingane tXt. I fjor var det med eit utdrag frå spaningsboka Gamer, og året før frå grøssaren Svarte-Mathilda.

Svarte-Mathilda er meint å vera skikkeleg skummel, og der har forfattaren lukkast så bra at han ein gong opplevde at ein ungdomsskuleelev tok til tårene medan han las, sjølv om det var i klasserommet midt på lyse dagen. I haust gav han ut Svarte-Mathilda II, og neste år kjem trearen.

I Gamer kastar ein kameratgjeng seg ivrig over det nye spelet War of Faluza. Alle blir rivne med, alt går strålande – men brått blir det alvor. Spelet opnar for pengepremiar, men gjengen taper store summar. Ein av dei får skulda, men då han blir overfalt og må på sjukehus er det ikkje leik lenger.

– Det er ikkje så dumt å hugsa på at både film, spel og teikneseriar er basert på skrivne historier. Alt byrjar med tekst, seier Røssland.

Sjå www.forfattaren.no for meir om bøkene, forfattaren m.m.

Tor Arve Røssland held skrivekurs for ungdom i Oseana laurdag 10. november 2012 kl. 12.00-15.00.


Nyeste bok: Gamer (2011)

Forlag: Mangschou​

Tor Arve Røssland

WT Litteraturfestival 2012
foto: Frode Sirevåg

tekst: Mari Lyssand frå Os Mållag

Annonse:

bottom of page