top of page

Tore Kvæven sin debutroman Hard er mitt lands lov (2011) fekk særs god mottaking av eit samla kritikararkorps. Boka
blir omtala som ein eventyrleg spaningsroman, eit storslått vikingepos, som ei fabelaktig, eventyrleg, fengslande, imponerande forteljing med mange litterære lag.

Handlinga er lagt til år 1010. Det norske skipet Havjerven ligg til hamn i Roma då høvdingen blir utfordra og drepen i sverdkamp av grønlendingen Ulfr.
Ulfr tar høvdingtittelen på skipet og lokkar mannskapet med seg på ei vill havferd nedover kysten av Store Serkland (Afrika), vidare opp Kongo-elva og mot det indre av Afrika. Skildringa av ferda over havet og innover i jungelen har slektskap med klassiske romanar som Moby Dick og Heart of Darkness. Det skal visa seg at Ulfr ikkje er heilt den han har gjeve seg ut for og at mannskapet ikkje anar målet for reisa før det er for seint.

Bokmeldarane meinte at sjølve ideen var heilt uvanleg god, og at Kvæven har lukkast fullt ut med det uttalte målet sitt, nemleg å skriva ei spanande forteljing og samstundes gjera boka så historisk korrekt som mogeleg.
– Kva er det som særskild fascinerer deg ved vikingtida?
– Det er mange ting som er fascinerande med vikingetida;  skipa, oppdagingane av nytt land, då tenker eg i fyrste rad på Island, Grønland og Amerika  - men også på hærferdene sørover, litteraturen (det meste er rett nok skrive i etterkant), mytologien, lovane og mange av personlegdomane.   
Det er ingen tvil om at det ligg eit enormt arbeid bak boka. I løpet av dei 20 åra sidan han fekk ideen til historia har Tore Kvæven arbeidd med romanen litt til og frå som eit hobbyprosjekt, og samstundes lese seg til enorm detaljkunnskap om perioden han skildrar.  Til saman munna altså alt dette ut i eit episk vikingtokt til det indre av Afrika.

Både meldarar og lesarar har late seg imponera av dei truverdige miljøskildringane i boka, og av den detaljerte kunnskapen din om mellom anna handverk og tankesett i vikingtida. Ein kunne fort tru at Kvæven er utdanna historikar, men det er han ikkje. Han er simpelthen ein heilt uvanleg belest litterær amatør, med utdanning frå Landbrukshøg-skulen på Ås. Medan han har jobba med boka har forfattaren lese mellom anna Snorre, islendingesogene og ei rekkje historiske bøker om vikingtida.

– Har du planar om nye bokprosjekt?
– Ja, to bokprosjekt. Eg arbeider med ei ungdomsbok som handlar om ein gamal mann og hans to barnebarn i jakta på daude kamelar i Sahara. I denne prøver eg etter beste evne også å få inn litt humor.  I tillegg skriv eg på ei vaksenbok med eit kjærleiksdrama frå Grønlands norrøne Vesterbygd på 1300-talet.

Fredag 9. november 2012 kl. 19.00 i Paktaren: Tore Kvæven, Kristine Tofte og Kristian A. Bjørkelo diskuterer
viking- og fantasylitteratur.


Nyeste bok: Hard er mitt lands lov (2011)

Forlag: Samlaget

Tore Kvæven

WT Litteraturfestival 2012
foto: Samlaget

tekst: Mari Lyssand frå Os Mållag

Annonse:

bottom of page